[TAF-lista] Ny adresse til TAF-lista

Herman Ranes herman.ranes at ntnu.no
Tis Jan 3 13:08:09 CET 2017


Hei, og godt nytt år!

Ny adresse til TAF-lista er frå og med no:

taf-lista at nvg.ntnu.no

Alle e-postadressene som var med på den gamle TAF-lista er kopierte over 
til den nye.

Merk at TAF-lista ikkje tillèt grafikk eller andre typar vedlegg til 
e-postane. Slike vedlegg vert som regel fall filtrerte ut, medan 
tekstinnhaldet kjem igjennom. I verste fall kan e-posten verta avvist 
med ei feilmelding til sendaren. Men som før mottek eg som 
listeadministrator ein kopi av den mislukka sendinga, og eg kan ev. 
senda vidare dersom eg oppfattar at meldinga er «ferskvare».

Hovudgrunnen til omlegginga er at HiST ikkje eksisterer lenger, og at 
hist.no-domenet etter kvart skal leggjast ned. I tillegg er det ei von 
om at den nye listetenesta skal vera meir stabil enn det den gamle var i 
visse periodar.

:Herman

-- 
Herman Ranes, NTNU-IE-IES, N-7491 TRONDHEIM, Noreg
<herman.ranes at ntnu.no> | +47 90111778


More information about the TAF-lista mailing list