[TAF-lista] Solformørking i dag kl. 10.31–11.37

Herman Ranes herman.ranes at ntnu.no
Sat Aug 11 09:48:27 CEST 2018


Vêrmeldinga er alt anna enn lovande, men no ser eg tendensar til at 
skydekket opnar seg litt. Den partielle formørkinga byrjar med fyrste 
kontakt kl. 10.31, og sluttar med siste kontakt kl. 11.37. Formørkinga 
er 13,8 % djup på det meste. Tala gjeld for Trondheim.

Klokkeslett o.a. for andre stader i Noreg, og meir stoff om formørkinga, 
kan lesast her:

http://www.astroevents.no/sol110818.html

Og som alltid gjeld at solformørking skal observerast berre gjennom 
solfilter (solformørkingsbriller). Ikkje bruk CD-plater, film ,e.l., for 
då slepp for mykje infraraudt gjennom. Projeksjon er eit alternativ.

:Herman

-- 
Herman Ranes, NTNU-IE-IES, N-7491 TRONDHEIM, Noreg
<herman.ranes at ntnu.no> | +47 90111778


More information about the TAF-lista mailing list