[TAF-lista] Total magnitude i Jupiter/Saturn-konjunksjon

Herman Ranes herman.ranes at ntnu.no
Ons Dec 16 10:37:46 CET 2020


Hei –

Den 21. desember vil vinkelavstanden mellom Jupiter og Saturn nå eit 
minimum på seks bogeminutt. Til jamføring er vinkelavstanden mellom 
Mizar og Alcor i Ursa major tolv bogeminutt.

I det siste er det skrive mykje om denne konjunksjonen, m.a. at han vil 
stå fram som ei flott «jolestjerne» på kveldshimmelen.

På den aktuelle datoen har Jupiter magnitude (storleiksklasse) −1,97 , 
og Saturn har 0,63 (Kjelde: Stellarium).

Skalaen for magnitude er logaritmisk, slik at ein differens lik 5 i 
magnitude svarar til ein faktor lik 100 i lineær ljosintensitet. Då kan 
ein rekna ut den totale intensiteten til konjunksjonen ved å addera 
antilogaritmane av einskildmagnitudane. Til slutt finn ein den totale 
magnituden som logaritmen av totalintensiteten.

-2.5*log10(10^(-0.4*0.63)+10^(-0.4*(-1.97)))

Resultatet er magnituden −2,06 , altso ikkje serleg meir enn Jupiter 
åleine. Og framleis ein god del mindre enn den største mogelege 
magnituden til Jupiter, som er −2,49 .

Me kan òg rekna ut brøken mellom de to intensitetane:

10^(-0.4*((-1.97)-0.63))

Svaret er 11,0 . Altso kjem godt over 90 % av ljoset i konstellasjonen 
frå Jupiter.

Det er altso andre detaljar enn sjølve ljosstyrken som gjer dette til 
eit interessant fenomen.

:Herman
-- 
Herman Ranes, NTNU-IE-IES, N-7491 TRONDHEIM, Noreg
<herman.ranes at ntnu.no> | +47 90111778


More information about the TAF-lista mailing list