[TAF-lista] Lat oss ta ordet korona/corona attende!

Jørgen G. Bosoni jorgengb at gmail.com
Ons Mars 18 00:23:54 CET 2020


Hei,

eg ser at fleire her på lista hev kasta seg ut i debatten om namnet på
medlemsbladet vårt.
Sjølv om ingen kan nekta for at namnet på bladet vårt kan verka uheldig i
desse pandemitidene, likevel synest eg at ingen av dei argumentasjonane som
hev vorte lagde fram, talar sterkt nok for namneendringa.
Det hev skjett fleire gonger i historia at ord hev fått svært negative
assosiasjonar ved sida av andre som er nøytrale eller positive. *Spanske*sykja
tok livet av minst 30 millionar menneske i 1918–1919 (kjelde:
https://nn.wikipedia.org/wiki/Spanskesjuka), men landet sydvest i Europa
endra likevel ikkje namnet. Og når me seier «ta ein spansk ein», kor mange
av oss tenkjer på influensaepidemien for hundre år sidan? På russisk og
tysk er ordet for 'kreft' (sjukdomen), 'kreps' (dyret) og 'Kreps(en)'
(stjernebiletet) det same (*рак/Krebs*). På fransk, engelsk og italiensk er
ordet for 'kreft' og 'kreps(en)' (stjernebiletet) det same (
*cancer/cancer/cancro*). Dei språka hev ikkje endra namnet på
stjernebiletet, sjølv om det er homonymt med ein frykta sjukdom som tek
livet av mange menneske. På italiensk er *corona* både 'krune (hovudpynt,
mm.)', 'krone (NOK, SEK, DKK, CZK, ...)', 'korona (astrofysikk)', 'krans',
og den fyrste leden i ordet *coronavirus*... På polsk er *korona* ein
hovudpynt mm., ei mynteining, eit astrofysisk fenomen, eit stjernebilete,
osv.
Det latinske ordet *coronă* kjem frå gamalgresk *κορώνη* (*korṓnē*)
'(laurbær)krans', og ordet hev kome inn i norsk som *krune*/*krone*.
Termen  *corona|korona * for noko som er krans- eller kruneforma er
sopass etablert i mange samanhengar og med eit mangfald av bruksområde,
ikkje minst innafor naturvitskap og teknologi, at det ikkje står i fare for
å verta tabuisert eller sédd på som politisk ukorrekt. Sjølv om me skulle
endra namnet på medlemsbladet vårt, ville mange andre ting likevel halda
fram med å heita *corona|korona*.

Som Kjell Erik hev skrive: «Korona forgår, Corona består». Elles stør eg
fullt og heilt argumentasjonane til Birger, Stein og Erlend R. m.fl., og
serleg desse orda:  «Det å beholde navnet blir også en slags symbolsak
[...] Vi vil ikke la et virus få definisjonsmakt» (Stein).

Helsing


Jørgen
-------------- next part --------------
En HTML-bilaga skiljdes ut...
URL: <https://nvg.ntnu.no/pipermail/taf-lista/attachments/20200318/a80741bb/attachment.htm>


More information about the TAF-lista mailing list